lørdag 6. april 2013

Etter mange år med teoretisering av skulen, vil departementet nå satse meir på estetiskefag!

Når det viser seg at nedprioritering av estetiske fag og auka satsing på teoretiske fag fører til dårlegare resultat i skulen, kjem Kunnskapsdepartementet med ny stortingsmelding med tittelen "På rett vei". Denne skal inneholde fleire tiltak som skal styrke estetiske fag i skulen. Tiltaka er mellom anna innføring av nye valfag, styrking av Den kulturelle skulesekken og kulturskulen. Kulturskulen treff berre segment av befolkningen. Den kulturelle skulesekken er eit unikt og fruktbart prosjekt, men tilbodet er usystematisert der elevene i dei fleste tilfeller passivt mottar kulturopplevingar. No må det sattsast og fokuserast på den kompetente faglæraren. Ein formidlar av faget med fleire års solid fagleg og pedagogisk utdanning.

Til Artikkel i Morgenbladet

 (Les også den utfyllande papirutgåva av Morgenbladet, 05.04.2013)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar