mandag 7. januar 2013

Ornamentikk og Shirin Neshat



Åpen Dør 2012 er et årlig arrangement ved studiested Notodden. Arrangementet vender seg til lærarar og elever i heile skuleverket, og arrangeras av studentar og tilsette ved institutt for forming og formgiving. I år er temaet for Åpen dør Ornamentikk. På føregåande fagdag belyste difor Morten Lerpold temaet i utvida forstand. Lerpold såg på ornamentikk i eit antropologisk perspektiv - på tatovering og det ornamentale, han såg på natur og ornamentikk- naturen som ein rikdom av former, og naturestetikk - knytt til rytme mellom repetisjon og forskjell. Vidare snakka Lerpold om modernitetens forkasting av ornamentet og ornamentets gjenkomster – som ornamentikk i masse og tilslutt ornamentet og det digitale med den avsymboliserte og globale logoen. Foredraget vart ein døropnar for ei vidare forståing av omgrepet.

I denne samanhengen trakk Lerpold fram mellom anna Shirin Neshat sitt arbeid. Neshat er biletkunster busett i New York. I arbeida sine tek ho utgangspunkt i kvinnekroppen. Gjennom fotografi og videofilm sett ho spørsmålsteikn ved dei reglar som gjelder for kvinner i islamske land. Mange av fotografia er dekket eller delvis dekket med skrift i farsi (persisk), og gjenger hovudsakleg dikt av ulike kvinnelige iranske forfattar. Fotografia hennar tek også opp og forkastar fordreide koloniale bilde av muslimske kvinner framstilt som erotiske eigedelar, erotiske objekt og føyelige vesnar, slik dei ofte har vorte framstilt i vestlig litteratur. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar